Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers
Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers

Jetmund sin bursdag

Lilypie - Personal pictureLilypie Third Birthday tickers

torsdag 25. oktober 2012

Jetmund 2 år

Jetmund blei to år på onsdag 17.10. Og han var klar for bursdag. Han sjølv sa at han var fire år. Og han var klar på at han skulle få bursdagsgave, krone og kake. Det blei feiring med besta, tante Ann Kristin og onkel Hogne på besøk. Vi hadde pølser og kake. Og det blei mange gaver på Jetmund.
Pappa og Jetmund likar godt pølser
Onkel Hogne og Sverre ville spare plass til kake

 Pakke er spennande for store og små, besta må hjelpe med bandet

 Ditte må vi få med oss!
 Jetmund fekk en fin fjøs, som pappa on onkel måtte hjelpe med å sette sammen. Her måtte vi fram med hammer og skrujern
 Kjekt å leike med fjøsen
 Alle tre syns det var gøy å leike med dinne fjøsen

 KAKETID
 Lysa må blåsast ut

 God stil her
 Besta lese bok på senga, ny hue fra tante Randi må prøvast
Jetmund lese bursdagskort, Emil fiksa sveisen til mamma

onsdag 24. oktober 2012

Besøk av Anna-Sofi, Sølvi og Anders

Vi hadde besøk av tante Sølvi, onkel Anders og Anna -Sofie ei helg. Dei skulle i bryllup på laurdagane, da var Anna-Sofie med oss på kvelden medan tante og onkel kosa seg på dans og festen. Då var gutta ekstra omsorgsfulle for Anna-Sofie. Ho skulle få sove på rommet med gutta, men det blei litt tulling så det endte opp med at tante Olianne måtte ta med Anna-Sofie i senga si og få ho til å sove der. Da sovna ho fort. Søndagen hadde vi to års feiring av Jetmund og Anna-Sofie. Så gikk vi tur til Smestaddammen og til barnehagen og leika litt der. Så reiste dei heim med fly på ettermiddagen. Takk for kjekt besøk. Håper dokke kjem snart igjen!
 Anna-Sofie tøffa seg litt på kveldsmaten ilag med gutta
 Forskjellige fakte på gong
 Jetmund og var tøff
 Jetmund fekk gave med tante
 Onkel Anders slappa av medan Anna-Sofie leika med skuta
 Tante og gutta leika med lego
 Kaketid
Deilig kvikklunsj kake

Haustferien 2012

Vi har vore på haustferie i år og. Det vart tur til Viddal. Vi var der ei veke. Kjørte fra Oslo midt på dagen på fredagen og kom fram på kvelden. Det store høgdepunktet var å kjøre gjennom Kvivstunellen. Endelig! Og jammen sparte vi oss en time kjøring pga den.

Mamma, tante Sølvi og tante Randi var på hyttetur fra laurdag til søndag fyste helga. Dei var på Stadt og prøvde seg på surfing.

Klar for surfing her
 eller er vi klar?? instruksjonskurs med surferen Ryan
 Mot stranda!
 Torrtrening på land
 Berre å sette kursen mot bølgja blå då
 Friskt utpå idag
 Surfebretta
 Tur på Vestkapp blei det og.. turistar på tur ja


 Sølvi viste oss hip hop skillsa sine på hytta

Pappa reiste til Oslo gjen på mandagen og kom oppatt torsdagen. Han måtte jobbe litt. Så kjørte vi nedgjen på søndagen. Vi hadde ei fin veke, med passe fint ver. Anna-Sofie kom på beøsk til Viddal ho og. Så vi fekk leike litt med ho og. 







Drama med gutta og mormor. Det var mus på loftet og det blei sett opp mange musefeller. Emil var den flinke musefangeren som tok dei ut av fellene
 
Jetmund og Emil kosar seg 
 
I skogen med mormor er det gøy!
 Spennande å klatre på rundballane
Is er alltid populært! Anna-Sofie og gutta

søndag 23. september 2012

Potetopptaking

Ei ny helg er over, og vi har gjort litt denne helga og.
Vi starta helga tidlig denne helga, sidan mamma henta gutta ganske tidlig i barnehagen. Fredagen kosa vi oss berre i nye gensera og strømpbukser som mamma hadde kjøpt på CCvest same dag.
 Sverre, Jetmund og Emil



 Laurdag fekk vi besøk av besta og onkel Kjetil (storebroren til besta) Det var kjekt. Onkel Kjetil hadde med pakkar til gutta, kvar sin bil fra Biler. Midt i blinken! Vi var ute og kika på dei som sprang Oslo maraton. Men det var sur og kald vind så vi tok turen i butikken og snopa laurdagsgodt og gikk heim. Utpå ettermiddagen reiste besta og onkel heim til besta.

Søndag var det Bondens marknad og forskjellig på kongsgården. Vi rusla oss ut og kika på dyr, hoppa i høy og kjøpte oss sveler og eplesaft. Vi fekk oss posar til å plukke potet i. Sverre fekk et voldsomt hosteanfall så vi kjøpte en honningslikkepinne til han. Det hjalp på. Jetmund sov seg gjennom nesten heile besøket, sjølv da en gråtass dura forbi han med potetopptakaren sov han like godt. Men når me skulle gå heim våkna han og gikk heile veien heim. Det var bra, for då kunne potetene vi hadde plukka få sitte i vogna.


 Sverre med honningpinnen sin i potetåkeren
 Pappa og Emil finner masse gode poteter
 Mamma og Sverre er godt i gang med å plukke






 Gråtassen gjor en god jobb her